Spesialøl frå Nord-Gudbrandsdalen

hubertus-tank.jpg

Ein saksofon, ei bok om HEIMEBrygging
– og ein draum

Eg vaks opp i byen Tilburg i Nederland, eit drygt steinkast frå grensa til Belgia. Saman med kona mi, Cindy, hadde eg eit ynskje om å bu på landet, og valet fall til slutt på den vesle fjellbygda Lesja, nord i Gudbrandsdalen.

Eg reiste før familien. Med meg hadde eg ein koffert med klede, ein saksofon og ei bok om heimebrygging. Eg er nemleg like mykje musikar som ølbryggar, men det er vanskeleg å finne fast arbeid som musikar i Lesja, og difor har eg hatt fleire jobbar gjennom åra.

I Lesja fann eg ikkje ølet eg likte. Skulle eg ha sterkøl, laut eg reise til Vinmonopolet på Dombås – og utvalet var ikkje like stort som eg var vand med frå tida i Nederland, der eg ofte fór på ølferd til Belgia. Difor var det lettare å lage mitt eige øl.

Hubertus Bryggeri starta med andre ord som ein hobby, men etter kvart såg eg at eg kunne skape min eigen arbeidsplass. Som sagt, så gjort, og Hubertus Bryggeri såg dagens ljos i kjellaren under Lesja Gjestgiveri. Det fyrste året brygga eg 5000 liter, neste år vart det 10 000 liter, og eg såg at eg laut hå meir plass.

Den gamle skulen på Skeievoll på Dovre, eit karakteristisk bygg frå 1920, vart lagt ut for sal i 2013 – ein heilt perfekt plass for bryggeriet. Saman med Cindy og ungane jekk flyttelasset frå Lesja til Dovre, litt lenger sør i Gudbrandsdalen, og her har vi heldt hus sidan.

Da vi kjøpte den gamle skulen, var det ikkje eiga vatn der. Vi laut bore, og 75 meter nede i bakken fann vi godt vatn. Det vert testa to gonger i året, og held særs god kvalitet.

Eg driv bryggeriet åleine. Eg er den einaste tilsette, og det er slik eg vil ha det. Dei siste åra har eg produsert 40 000 liter årleg, som vert seld i store delar av Noreg.

I dag bryggar eg ni forskjellige sortar, alle inspirert av det belgiske ølet som eg sakna da eg kom flyttande til Noreg – med ein saksofon, ei bok om heimebrygging og ein draum.

 
hubertus-signatur.png